Politiet måtte rykke ut til truande apotek-kunde i Førde

POLITIET GREIP INN: Politiet rykte ut og tok hand om ein apotek-kunde som oppførte seg truande mot personalet tysdag ettermiddag.

POLITIET GREIP INN: Politiet rykte ut og tok hand om ein apotek-kunde som oppførte seg truande mot personalet tysdag ettermiddag. Foto:

DEL

Vest politidistrikt melder at dei klokka 15.46 fekk melding om at ein kunde på Apotek 1 i Førde oppførte seg svært truande og ville ha tablettar.

– Mannen i 30-åra oppførte seg truande, og skremde dei tilsette. Han skreik og ropte at han ville ha ein viss type tablettar, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Han seier dei tilsette var skremde og følte seg trua, og at dei derfor tok kontakt med politiet.

– Politiet rykte ut og fekk kontroll på mannen, som dei kjenner til frå før. Han blir politimeld for å ha oppført seg skremmande overfor dei tilsette, seier Algrøy.

Mannen vart vist vekk frå Førde sentrum.

Artikkeltags