Gå til sidens hovedinnhold

Politiet kom over godt rusa vogntogsjåfør

Det melder Vest politidistrikt på Twitter.

Klokka 12.10 måndag fekk politiet kontroll på vogntogsjåfør som verkar godt rusa i Magnhildskarvegen i Florø.

– Føraren skulle levere nokre varer på ein byggeplass. Dei som jobba der mistenkte at det var promille, og varsla politiet, seier operasjonsleiar Terje Magnussen.

Politiet kom til byggeplassen, og føraren, som er ein mann i 30-åra med utanlandsk statsborgarskap, var godt rusa.

– Han blåste over to i promille, seier Magnussen.

Det er uvisst kor langt vedkommande har køyrt, men politiet veit at han har køyrt bil.

– Vi må finne ut kva som har skjedd, og kor langt han har køyrt, så blir det tatt ei vurdering i forhold til juristar, om det skal bøtleggast eller anna.

Politiet skal vidare ta nødvendige prøvar.

– Føraren er tatt med til Florø. Det første vi skal gjere no er å sikre dei prøvene vi kan ta her og no, så følger vi opp vidare, seier Magnussen.