– Hendinga i Oslo er alvorleg og blir etterforska som ei terrorhandling. Basert på informasjon frå PST og Oslo politidistrikt har vi derfor vedteke å innføre mellombels væpning, seier politidirektør Benedicte Bjørnland i ei pressemelding.
Det kjem ikkje fram kor lenge den mellombelse væpninga vil vare.
To personar er drepne, ti er alvorleg skadde, og elleve er lettare skadde etter masseskytinga. Ein 42 år gammal mann er sikta for drap, drapsforsøk og terrorhandlingar.
– Eg ønskjer å uttrykkje stor medkjensle med dei som er direkte ramma av det som har skjedd i Oslo, og alle dei som no kjenner på ei frykt, heldt Bjørnland fram.
Pride-paraden og andre arrangement i samband med Oslo Pride er avlyste. Politidistrikta vil gjennom helga vurdere tryggleiken knytt til Pride-arrangement andre stader i landet.