To hjortepåkøyrslar i går kveld

Artikkelen er over 1 år gammel

Det eine dyret blei funne og avliva, det andre avliva på staden.

DEL

Det var to hjortepåkøyrslar i går kveld, melder politiet i Sogn og Fjordane. Den første skjedde i Kaupanger klokka 21.34. Dyret blei skada. Viltnemnda fann dyret og avliva det.

Klokka 22.12 skjedde ei ny hjortepåkøyrsel på riksveg 5, på Grov i Flora. To bilar var involvert i hendinga. Dyret blei avliva, og viltnemnda har teke over saka.

Artikkeltags