Avsløringa av ligaen starta då politiet for to veker sidan stogga ein bil på veg frå Bergen til Sunnfjord. I bilen fann politiet 200 gram amfetamin. Salsverdien er sett til minimum 40.000 kroner.

– 200 gram amfetamin er å rekne som grov narkotikakriminalitet med ei strafferamme på ti år i fengsel, seier etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal til NRK Vestland som omtalte saka først.

Politiet har jobba intenst med å rulle opp ligaen som skal ha forsynt ulike deler av Vestland i lenger tid, melder NRK.

Hovudmann frå Sunnfjord

Det er ein sunnfjording som politiet meiner er hovudmannen bak ligaen. Han blei arrestert i Bergen. Sunnfjordingen er også tidlegare dømd for narkotika, og andre forhold.

Ifølge NRK trur politiet at mannen som er fengsla har stått bak narkotikaomsetning for større summar.

Kva som gjorde at mannen var stogga, eller korleis politiet kom over saka vil politiet førebels ikkje seie noko om. Men etterforsking syner at større mengder av narkotika skal ha blitt selt i regionen. Både amfetamin, kokain, hasj og marihuana har blitt omsett.

Fleire sikta – kan bli fleire pågripingar

– Tre personar til no er sikta for narkotikakriminalitet på bakgrunn den første saka der det blei funne amfetamin i bilen, seier Vårdal til NRK.

Til no er totalt seks menn sikta i sakene. Dei er alle avhøyrde.

Etterforskingsleiaren ser ikkje vekk ifrå at fleire kan bli arresterte.

Politiet held førebels korta tett til brystet. Verken informasjon om korleis politiet stiller seg til siktingane, kvar mennene kjem frå eller om dei sikta er kjenningar av politiet, vil gå ut med no.