Politiet har sikra spor etter innbrot i to hytter

No oppmodar politiet hytteeigarar om å ta ein dagstur for å sjekke at alt står bra til med deira hytte.

DEL

Tidlegare denne veka fekk politiet melding om to innbrot i fritidsbustadar i Gulen. Ein nabo hadde observert at vindauge og dører stod opne og kontakta difor eigarane. Deretter vart politiet kontakta.

Onsdag gjorde politiet åstadundersøkingar.

– Hyttene ligg sør på Ånneland. Etter det vi veit er det ikkje stole verdiar, men nokon har brote seg inn og gjort hærverk, seier politibetjent Roland Nyhammer Tvedt i Nordhordland lensmannsdistrikt.

Politiet har no sikra spor i begge hyttene som dei håpar vil gje svar.

I etterkant av hendinga har fleire bekymra hytteeigarar ringt politistasjonen og spurt om dette gjaldt deira hytte.

– Eg oppmodar alle som kan å ta ein velferdssjekk på hytta. Alle har lov til å ta ein dagstur. Om det ikkje let seg gjere kan ein t.d. spørje ein nabo, seier Nyhammer Tvedt.

Torsdag la regjeringa ned forbod om opphald på hytte utanfor heimkommunen.

Artikkeltags