Politiet har funne sakna 43-åring omkommen

Politiet tok imot bekymringsmelding fredag. Laurdag kveld vart mannen funnen omkommen.

DEL

Politiet opplyser i ei pressemelding laurdag kveld at mannen er funnen omkommen.

Dei pårørande er varsla.

Politiet seier at dei ikkje vil gi ytterlegare opplysningar i saka.

Søkte i over eitt døgn

Bekymringsmeldinga kom inn til politiet fredag. Då hadde 43-åringen ikkje møtt til ein avtale, og ingen hadde hatt kontakt med han sidan tysdag 10. mars.

Ingen av mannens familiemedlemmar hadde lykkast med å komme i kontakt med han.

Politiet har leitte i mannens bustad, utan å finne han der. Det vart sett i gang søk etter den sakna, der blant anna politi, redningshelikopter, redningshundar og frivillige redningsorganisasjonar deltok. Etter lit over eitt døgn vart mannen funnen omkommen.

Artikkeltags