Dersom Avinor, Heimevernet eller andre oppdagar ei drone som må stansast, er det politiet dei ringjer. Ein reaksjon kan vere å setje dronen ut av spel, men dette er eit krevjande arbeid, skriv Aftenposten.

Politidirektoratet skriv i ein e-post til avisa at dei har «noko avgrens evne til å handtere dronane», men dei jobbar med saka.

– Politiet er no i ein prosess for å auke kapasiteten både med materiell og personell, skriv direktoratet. Eit tidlegare prosjekt der politiet testa mottiltak mot dronar er lagt ned.

Helikopter i beredskap

Mottiltak mot dronar er teknologisk krevjande og krev høg kompetanse. Det er ein omfattande prosess å byggje opp og utvikle denne kapasiteten. Det opplyser Jonny Lian ved Nasjonale bistandsressursar i Oslo, som har overteke ansvaret for antidronearbeidet.

For tida har politiet eit helikopter i beredskap på Vestlandet, som nyleg har hjelpt ved Kårstø og Flesland.

Politimeister Hans Vik i Sørvest politidistrikt, som har ansvar for dronehendingar på norsk sokkel til havs, erkjenner at dei mange dronesakene er krevjande for politiet. Han vil ikkje gå i detalj om kva verktøy dei har tilgjengeleg, men seier dei øver saman med andre aktørar og at Kystvakta rykkjer ut ved dronehendingar til havs.

Skal skaffe antidroneutstyr for 57 mill.

– Beredskapen i Noreg er høg. Samtidig vurderer regjeringa heile tida nye tiltak. Politiet har fått i oppdrag å skaffe antidrone-utstyr for 57 millionar kroner, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

– Vi vil ikkje sjå bort frå at det er aktuelt med innstrammingar i regelverket for dronar, men vi må ha med oss at det er ulike omsyn her. Det kan vere viktige og gode formål med å bruke dronar, seier ho vidare.

Luftfartstilsynet går no gjennom reglane og gjer ei vurdering av om desse skal strammast inn på, medan Nasjonalt tryggingsorgan ser på reglar for forbodssoner for viktig infrastruktur og flyplassar, opplyser Mehl.