Gå til sidens hovedinnhold

Politiet frigjev namn etter Kvam-ulykka

Politiet frigav på ein pressekonferanse tysdag formiddag namna til dei tre som det er grunn til å tru er omkomme etter ulykka i Kvam søndag kveld.

Dei tre er Kjell Arne Pedersen (64), Nils Johan Bårdsen (72) og Ruth Wathne (68) som er grunn til å tru omkomme etter ulykka i Kvam.

Det opplyste politiet på pressekonferansen.

Måndag kveld gjorde politiet det klart at dei ikkje lenger har håp om å finne dei tre sakna i Kvam i live. Leiteaksjonen vart nedskalert, og det blir no søkt etter anteke omkomne.

Dei tre vart melde sakna søndag kveld etter at dei prøvde å krysse Tokagjelselva i ein liten båt like overfor ein stor foss med eit fall på 15 meter.

Politiet har funne det dei meiner er båten dei tre freista å krysse elva med. Det er òg funne ei åre og nokre klede som blir sette i samanheng med dei sakna.

– Søkjelyset vårt er framleis å finne dei tre sakna personane, seier innsatsleiar Svein Valland Laupsa i Vest politidistrikt.

Kommentarer til denne saken