Gå til sidens hovedinnhold

Politiet frigjer namnet etter dødsulykka i Nordfjord

Det var 39 år gamle Kyrre Stegane som omkom i trafikkulykka tysdag. Stegane var frå Eikefjord, men var busett i Stad kommune.

Dette melder politiet i ei pressemelding.

Ein betongbil køyrde utfor og velta i Remmedalsveien i Stad kommune. Mannen vart frakta til Haukeland universitetssjukehus, men vart erklært død seinare same dag.

Namnet blir frigjort i samråd med dei pårørande.

Les også

Familiefar omkom i ulykka. Ordføraren: – Ein tragedie

Les også

Person omkommen etter trafikkulykke i Nordfjord

Les også

Person frakta til Haukeland med luftambulanse: – Ganske alvorleg ulykke

Les også

Alvorleg trafikkulykke på Nordfjordeid