Gå til sidens hovedinnhold

Politiet forlengjer mellombels væpning

Politidirektoratet har vedteke å forlengje mellombels væpning av politiet for ein periode på inntil seks veker. Dermed vil væpninga vare til 8. januar.

Politiet vart i byrjinga av november væpna i tre veker i kjølvatnet av drapet på læraren Samuel Paty og eit dødeleg knivangrep i Nice.

PSTs vurdering er framleis at terrortrusselen frå ekstrem islamisme er skjerpa, skriv Politidirektoratet i ei pressemelding.

− Avgjerda byggjer på at politiet på staden skal kunne kan gå raskare til aksjon ved eit eventuelt terrorangrep for å hindre, avgrense skadeomfang eller stanse eit angrep som går føre seg, seier politidirektør Benedicte Bjørnland.

Aktuelle mål er islamkritikarar, menneskeretts- og ytringsfridomsaktivistar eller symbolmål som kyrkjer og synagogar. Politi- og forsvarspersonell er òg aktuelle symbolske mål.

Sannsynlege angrepsmiddel er hogg- og stikkvåpen eller køyretøy.

Les også

Mann i 60-åra mistenkt for å ha køyrt i fylla

Les også

Etterforskingsleiaren: – Det er store materielle skadar, det må ha laga lyd

Les også

Heng ut folk som parkerer feil: – Dette er på ingen måte greitt

Kommentarer til denne saken