Politiet: – Fire ungdommar haldt fest i ein bil i Florø

DEL

Det blei ein roleg påskeaftan for politiet i Sunnfjord.

– Klokka 01:26 fekk vi inn melding om høg musikk i Florø sentrum. Det viste seg å vere fire ungdommar i slutten av tenåra som nytta ein bil som festlokale. Det vart avslutta når patruljen kom dit, og ungdommane vart sendt heim, fortel Synnøve Domben, innsatsleiar i politiet i Sunnfjord.

I går kveld hadde UP kontroll ved Farsund i Førde. Det blei delt ut eitt forenkla førelegg til ein person som køyrde i 71 km/t i 60-sone.

Artikkeltags