Politiet i Askvoll og Fjaler fekk fredag tips om ein båt som såg ut til ikkje å ha kontroll utanfor Askvoll.
Båten, ein mindre fritidsbåt med påhengsmotor, heldt seg i områda utan for sentrum i Askvoll.
– Vi rykte ut og fekk teke hand om båtføraren, seier lensmann Åge Løseth.
Han seier at tipsaren meinte båtføraren umogleg kunne vere edru.
– Det hadde han nok rett i. Fredag ettermiddag sit mannen på Askvoll legekontor og ventar på å bli teke blodprøve av, seier Løseth.
Mannen som vart teken hand om er i slutten av 50-åra, og heimehøyrande i distriktet.
Kommentarer til denne saken