Gå til sidens hovedinnhold

Politiet fekk tips om fest, men rykte ikkje ut

Klokka 23.55 laurdag kveld fekk politiet melding om ein fest i Førde sentrum. Naboar skal ha tipsa dei.

– Det var ikkje så mykje støy, men dei lurte på om det var for mange med tanke på smittevernreglar. Det vart vurdert å ikkje rykke ut på den, seier operasjonsleiar Per Algerøy ved Vest politidistrikt.

Han veit ikkje kvifor det lokale politiet her ikkje rykte.

– Det står ikkje her om det skuldast at dei var opptatt med andre ting, men det vart vurdert at dei ikkje rykte ut på adressa, seier han.

Elles har det vore ei roleg natt i vårt dekningsområde, ifølge Algerøy.

Kommentarer til denne saken