Politiet etterlyser eigarane av desse kablane

ETTERLYSER EIGAREN: Politiet etterlyser eigaren av denne koparkabelen. Den er truleg stolen, men kvar vil ikkje tjuvane ut med.

ETTERLYSER EIGAREN: Politiet etterlyser eigaren av denne koparkabelen. Den er truleg stolen, men kvar vil ikkje tjuvane ut med. Foto:

Natt til laurdag 7. mars stoppa politiet ein bil i Førde-området. I bilen fann dei store mengder stolen kopar.

DEL

– Vi fann to typar kopar i bilen. Den eine har vi funne eigaren til. Den var stolen i Høyanger. Den andre typen, ein tjukk koparleidning med gul gummi rundt, veit vi framleis ikkje kor kjem frå, seier lensmann Dag Fiske.

Han ber dei som kjenner den igjen om å ta kontakt med politiet.

Stoppa for vinglete køyring

Det var natt til laurdag 7. mars at politiet stoppa ein varebil i Førde. Dei hadde fått inn meldingar om vinglete køyring.

– Det var ikkje ruskøyring, men personen som køyrde bilen hadde ikkje gyldig førarkort, seier Fiske.

Dei fann store mengde kopar i bilen, og politiet tok hand om både personane i bilen, og den stolne koparen.

– Dei som var i bilen avstod frå å fortelje oss kvar dei hadde stole koparen, for å seie det slik. Som nemnt har ei bedrift i Høyanger meldt seg, og dei har fått tilbake det dei hadde blitt fråstole. Resten veit vi ikkje kvar kjem frå.

Store verdiar

– Vi veit ikkje heilt kor mykje desse koparkablane er verde, men vi veit det er relativt store verdiar det er snakk om, seier Fiske.

– Veit de kva slike kablar blir brukte til?

– Ikkje nøyaktig. Vi reknar med dei blir brukte i samband med større industriutbyggingar. Det er veldig store dimensjonar på kablane, seier Fiske.

Vil gjerne levere dei tilbake

Fiske ber dei som kjenner igjen kablane om å ta kontakt.

– Vi vil gjerne få levert dei tilbake til rette eigar. Vi veit ikkje kvar dei er stolne, men håpar at nokon kjenner dei igjen, seier Fiske.

Artikkeltags