Gå til sidens hovedinnhold

Politiet ber Heimevernet stå klare

Artikkelen er over 1 år gammel

Heimevernet (HV) har fått varslingsordre om mogleg bruk frå politiet. Samtidig utset HV sine øvingar.

– Dersom ressursane i politiet blir uttømde på grunn av denne situasjonen, vil dei kunne sende ei bistandsoppfordring til Forsvaret for personell, seier kommunikasjonssjef Per Gunnar Grosberghaugen i Heimevernet til Bergens Tidende.

Medan HV har valt å utsetje øvingar, stansar Sivilforsvaret interne kurs eller øvingar der store mengder samlar seg.

– Det er viktigare å vere friske og operative i ein periode no enn å øve og trene. Vi kan sakene våre, seier Stein Morten Rønningen i Sivilforsvaret til Bergens Tidende.

Les også

Hafstadrussen avlyser ikkje turen til Hemsedal, trass i koronautbrot

Les også

Coop: – Oppmodar ikkje til hamstring

Les også

Erna Solberg varslar inngripande tiltak

Les også

Alle vidaregåande skular i Vestland blir stengde

Kommentarer til denne saken