Politiet går måndag kveld ut og ber bilistar vere varsame og køyre etter forholda.

– Vi har fått meldingar om svært glatte vegar. Det gjeld både Sunnfjord, Nordfjord, Sogn og Bergensområdet, melder Vest politidistrikt.

Dei seier Vegtrafikksentralen er varsla, og at dei har alle tilgjengelege ressursar ute.

Statens vegvesen kom like før klokka 18.30 med ei åtvaring til bilistar både i Sogn og Fjordane og i Hordaland.

Det har vore bra mildt nokre dagar, men no frys det på.

– Det kan bli glatt på vegane. Køyr forsiktig, er den klare oppfordringa dei kjem med å Twitter.