Seint i går kveld melde politiet atter ein gong om svindel.
Vest politidistrikt fekk søndag fleire meldingar frå folk som var oppringde frå ein som utgir seg for å vere frå Økokrim.
Telefonnummeret skal tilsynelatande ha vist rett, ifølge politiet, men operasjonssentralen kan avkrefte at Økokrim står bak.
– Særleg damer som heiter Halldis er utsette i kveld, skreiv politiet i går.
Kvifor akkurat Halldis var særleg populært, veit ikkje politiet.
Svindlaren skal ha roa seg ned i løpet av natta, for politiet har i alle fall ikkje fått fleire meldingar, seier operasjonsleiar Jørgen Ommedal.
– Forhåpentlegvis har meldinga hatt ein førebyggande effekt. Dei eller den skuldige tenker seg nok om ein gong ekstra, eller så klarar folk å avskjere forsøka.