Om du får ein telefon, der oppringar presenterer seg og seier han er frå Økokrim, Kripos eller politiet, så skal du vite at dei ikkje vil spørje om ditt personnummer, PIN-kodar, eller anna som du skal halde for deg sjølv.

Denne svindelmetoden har breia om seg i det siste. Politiet ber deg passe på at du ikkje gir ut slike opplysingar.

Ifølge politiet snakkar svindlarane perfekt norsk, og dei er sannsynlegvis norske. Dei verkar visstnok veldig truverdige også.