Politibetjent i Sogn og Fjordane sikta for promillekøyring

Dette melder Vest politidistrikt tysdag føremiddag.

DEL

Ein politibetjent i Vest politidistrikt er sikta for promillekøyring og for ikkje å ha varsla politiet etter utforkøyring med bil natt til laurdag.

Dette melder Vest politidistrikt i ei pressemelding tysdag føremiddag.

Utforkøyringa skjedde i Sogn og Fjordane og det var to passasjerar i bilen. Ingen vart skadde i utforkøyringa. Politiet vart ikkje varsla om utforkøyringa før neste dag.

Ein patrulje frå Møre og Romsdal politidistrikt kom laurdag til staden for å gjennomføre avhøyr med dei involverte og ta promilleprøve av bilføraren.

Saka blir no sendt Møre og Romsdal politidistrikt for vidare etterforsking. Det er førebels for tidleg å seie noko om kva som har skjedd, ifølge politiet.

Føraren av bilen har status som sikta og vedkommande er suspendert inntil vidare frå sin jobb i politiet. Dei to passasjerane har status som mistenkte.

Alle tre i bilen er tilsette i driftseining Sogn og Fjordane. Av omsyn til personvernet til dei tilsette vil politiet ikkje gå ut med detaljar om kor ulykka skjedde eller dei involverte.

– Uansett kva som vert utfallet av etterforskinga er dette ei uheldig og trist sak som vitnar om dårleg dømmekraft frå dei tilsette, seier politileiar i Sogn og Fjordane Arne Johannessen i pressemeldinga.

Firda kjem tilbake med meir.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken