Torsdag kveld rykte store politistyrkar til ei adresse i Hyllestad. Etter ni timar med forhandlingar arresterte politiet ein mann i 60-åra, sikta for grov kroppsskade, plagsam og skremmande åtferd, skadeverk på bil og brot på besøksforbod.
Det vart ein stor politiaksjon, og eit politihelikopter frå Oslo med ti mann kom for å hjelpe det lokale politiet.
Ordførar i Hyllestad, Kjell Eide, seier det ikkje tok lang tid før kommunen sin beredskapsorganisasjon var varsla. Eide blei kontakta same kveld som aksjonen gjekk føre seg.
– Eg fekk melding om at det var ein aksjon på gang, og vi vart einige om å sette opp krisestaben. I første omgang handla det om å orientere kvarandre, få innblikk i situasjonen og om nokre av våre beredskapsteam var involvert. Det fekk vi ei viss oversikt over same kveld og tok kontakt med dei det gjaldt, og fekk avklart at det ikkje stod om liv, seier Eide.
Politiaksjonen i Hyllestad: Den sikta overgav seg etter ni timar med forhandling
Brannvesenet først på staden
Eide fortel at brannvesenet var det første av naudetatane som var på staden.
– Brannvesenet er som regel først på staden, og vi har eit veldig bra brannvern. Dei er alltid klare, og i denne situasjonen var dei framme på veldig kort tid. Så kom ambulansen og til slutt politiet, det er det som er normalt. Eg har snakka med brannsjefen i etterkant, og slik eg forstår det har dei fått skryt av politiet, seier han.
Brannvesenet har ofte ein støttefunksjon til politiet i slike hendingar. Eide fortel at brannvesenet blant anna ordna med mat og drikke til dei som var på staden.
– Det er viktig at brannvesenet har moglegheit til å gå inn slik. Vi veit at dei ordnar det meste, og det er trygt og godt å vite at vi har eit godt brannvesen, seier han.
Mann fengsla i fire veker: – Erkjenner delvis straffskuld
Har følgt opp
Ordføraren seier at beredskapsteamet til kommunen har gjort det dei meinte var nødvendig i etterkant av hendinga. Kommunen har blant anna følgt opp med telefonar til dei som er råka.
Kommunen har også eit psykososialt team som har vore nytta.
– Vi har gjort det vi meiner var nødvendig, og tilbakemeldingane vi har fått så langt har vore gode. Eg har sjølv vore i kontakt med nokre av dei råka i ettertid. Ein veit aldri, det kan gå bra ein dag eller to, men så kjem plutseleg reaksjonen, slik er det no i slike saker. Så vi må halde oppe ein viss beredskap framover om nokon av dei involverte treg oppfølgning, seier Eide.
Tid er avgjerande
Ordføraren seier at tid er heilt avgjerande i slike situasjonar.
– Politiet er jo ofte litt langt vekke. Denne gongen kom dei frå Førde, som var næraste patrulje. Det er kanskje noko ein burde sjå på litt framover.
– Det kunne ha utvikla seg på ein annan måte, og det kunne ha skjedd fort. Då er det langt å reise frå Oslo. Denne gongen gjekk det slik dei hadde tenkt, men ein kan aldri vite korleis ein slik situasjon vil utvikle seg.
– Når slike ting skjer i lokalsamfunnet, korleis pregar det folk?
– Dette er eit lite lokalsamfunn, og alle får vite om alt heile tida, fort og hardt. Det er klart at det blir ein snakkis, og det skakar jo oss på eit vis. Det pregar sjølvsagt dei råka, og dei som har kome tett på, seier Eide.
Ber om varetektsfengsling i fire veker