To bilar i trafikkulykke på Ytrehus

Artikkelen er over 2 år gammel

BREMANGER: Politiet melder om påkøyrsel bakfrå på fylkesveg 614 på Ytrehus.

DEL

Politiet i Sogn og Fjordane meldte klokka 08.16 om eit trafikkuhell på Ytrehus. Det skal vere snakk om ein påkøyrsel bakfrå.

To bilar er involverte i ulykka, og det var ein person i kvar bil. Helse Førde melder at ein av personane er sendt til legevakta i Svelgen for sjekk.

Naudetatane er på staden, og bilberging er rekvirert.

Vegen er ikkje sperra.

Artikkeltags