Politikontrollar, rus og støy

Artikkelen er over 3 år gammel

Kverrsett førarkort, bot, klagar om støy, og rus prega fredag kveld og natt til laurdag.

DEL

Ein førar mista førarretten då politiet hadde fartskontroll på E16 i Aurland. Sjåføren køyrde i 119 km/t i ei 80-sone. Ein annan bilist fekk forenkla førelegg for å ha køyrt i 98 km/t. I ein trafikkontroll i Aurland sentrum, gav politiet også ut eit gebyr for gløymd førarkort.

Støy frå utestad og rus

I Stryn fekk politiet fleire klagar på uhaldbar støy frå ein utestad. Politiet tok først kontakt med utestaden over telefon, og dei lova å dempe seg. Støyen skal visst nok vere eit gjentakande problem, og klagarane vil ta det opp med kommunen. Tidlegare på fredagskvelden stoppa politiet i Stryn ein førar. Vedkommande vart meld for å køyre med uregistrert motorvogn.

Ei rusa tenåringsjente vart køyrd heim til foreldre frå Florø sentrum.

Artikkeltags