Eit titals menn narkotikatekne- ein så rusa at han måtte få helsehjelp

Artikkelen er over 3 år gammel

Mange menn i 20 og 30 åra er mistenkte for bruk og oppbevaring av ymse narkotiske stoff.

DEL

Eid:

Alle dei mistenkte som kom i politiets søkeljos i natt var på Nordfjordeid, alle er menn, og alle er i 20 og 30 års-alderen.

Nokre er mistenkte for bruk av narkotika, andre for både bruk og oppbevaring.

Stoffa politiet mistenkjer at mennene har brukt er marihuana (cannabis), medan ein 20-åring er mistenkt for bruk av amfetamin.

Ein av mennene var så rusa at han måtte ha helsehjelp, melder politiet.

Artikkeltags