Politinatta: Avskilta bilar og skreiv ut bøter

Illustrasjonbilete frå fartskontroll på E39 ved Byrkjeland i Gaular kommune.

Illustrasjonbilete frå fartskontroll på E39 ved Byrkjeland i Gaular kommune. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Politiet i Sogn og Fjordane har hatt ei høvesvis roleg natt dersom vi skal tru det dei publiserer på Twitter:

Det vart avskilta to køyrety i Florø, og eitt på Kyrkjebø.

I ein fartskontroll på riksveg 60 ved Utvik i Stryn kommune vert det skrive ut tre forenkla førelegg. Høgste fart i 60-sona vart målt til 77 km/t.

Og på riksveg 13 ved Holsen i Førde kommune køyrde ein bilførar på ein hjort.

Artikkeltags