Tre personar melde for drikking på offentleg stad

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Klokka 02.18 natt til laurdag melder politiet at tre personar i Gaupne i Luster blei meld for drikking på offentleg stad. Same plass blei ein ungdom sendt til legevakta for kontroll etter å ha vore involvert i slåsting.

Elles har politiet fått nytte natta til ruskontrollar. I Førde hadde UP promillekontroll på E39 på Halbrend. Like før klokka 02 i natt melder dei at 36 bilistar var blitt kontrollerte, men ingen blåste promille.

I Flora hadde UP ruskontroll i Firdavegen på nattetid. Klokka 03 melder politiet om 17 kontrollerte bilistar, men heller ingen utslag her.

Artikkeltags