Seks sjåførar fekk ein dyr morgontur i Hyllestad

Ein førar var nære ved å miste lappen.

DEL

Politiet har torsdag morgon hatt kontroll i Leirvik i Hyllestad.

217 bilar vart kontrollert for både fart og promille. Seks førarar fekk forenkla førelegg for å ha køyrt for fort i 60-sona.

Ein av dei vart målt til 84 km/t – og det var akkurat på grensa til førarkortbeslag. I 60-sona ryk nemleg førarkortet i 86 km/t.

Også på Sande var det politikontroll torsdag. Der vart ein førar tatt for å ikkje bruke bilbelte.

Artikkeltags