Til lege etter slagsmål, uønskte og plagsame gjestar, rus og narkotika

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITINATTA: Ikkje den heilt store dramatikken, men litt har politiet hatt å putle med i natt òg.

DEL

Både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn har politiet vore i aksjon i natt:

Vågsøy

Politiet fekk melding om slagsmål utanfor ein serveringsstad.
Ein mann i 20-åra vart sendt til lege for kontroll.

Høyanger

Naboar klaga på feststøy. Då politiet kom til staden såg dei at bråket skuldast ungdomar som vart nekta å kome inn og ta del på festen.
Politiet gav ungdommane ordre om å forlate staden.

Førde

Politiet måtte ta hand om ein rusa mann ved ein serveringsstad i Førde.
Mannen vert meldt for både å bruke og å ha på seg av narkotika, og det vert oppretta sak.

Ein rusa mann var så mykje til plage på utsida av ein serveringsstad i Førde at politiet måtte rykkje ut.
Politiet tok hand om mannen og køyrde han heim.

Politiet fekk klage på feststøy frå ei adresse i Førde. Ei patrulje rykte ut og festen vart avslutta.

Artikkeltags