Mann i 50-åra funnen død på Nordfjordeid – uklar dødsårsak

Vart funnen i kommunal bustad. Politiet er no i gang med etterforsking.

DEL

Søndag klokka 17 vart politiet varsla om eit dødsfall i ein kommunal bustad på Nordfjordeid. Der vart ein mann funnen død i ei leilegheit, og dødsårsaka opplyser politiet er uklar.

Granskar åstaden

Politiet har gjennomført ei gransking av åstaden søndag, og har også innhenta vitneforklaringar.

– Det er oppretta ei undersøkingssak, og avdøde er sendt til obduksjon, opplyser Morten Rebnord i Vest politidistrikt i ei pressemelding måndag.

Pårørande varsla

Det vil ikkje verte gjeve ytterlegare kommentarar frå politiet før obduksjonsrapporten er klar.

– Pårørande er varsla men politiet kjem ikkje til å frigje namnet på den avdøde måndag, seier Rebnord.

Politiet ventar at obduksjonsrapporten skal vere klar tysdag 21. januar.

Vart funnen av nabo

Tormod Hvattum, lensmann i Stad, fortel til Firda at den avdøde mannen er ein lokal mann i slutten av 50-åra. Han vil ikkje seie om dei mistenker at det er skjedd noko kriminelt.

– Sidan vi ikkje veit dødsårsaka, har vi oppretta ei undersøkingssak, seier han. Han vil heller kommentere om mannen er ein kjenning av politiet.

– Kven var det som varsla om dødsfallet?

– Det var ein nabo som fann han, seier Hvattum.

Artikkeltags