Russ knekte nase på russ i Naustdal

POLITI: Slagsmål i Naustdal og ulydig mann i Førde.

DEL

Vest politidistrikt melder på Twitter at eit arrangement i Naustdal enda med at ein person truleg fekk knekt nasen. Politiet har oppretta sak i forholdet og snakka ved vitne og fornærma.

– Arrangementet var ein russefest i Fosshalla ungdomshus, dei involverte er 99-modellar, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen til Firda.

Elles gjekk det roleg føre seg, med unntak av ein mann i Førde som ikkje ville rette seg etter beskjed frå politiet.

Der vart ein 20 år gammal mann politimeld for ulydigheit.

– Han var full og vanskeleg, og vart vist bort frå Førde sentrum, operasjonsleiar Knappen.

Klokka 02.15 vart han difor politimeld for å ikkje etterkomme politiets pålegg.

Artikkeltags