To menn i tjueåra vart i ettermiddag arresterte etter å ha blitt tekne på fersken i å prøve å stele bildelar frå Sunnfjord Bil på Reset i Førde.
– Desse var stogga av nokre som jobba der. Det difor vi fekk tak i dei, seier operasjonsleiar Olaug Holme i Vest politidistrikt.
Holme fortel at dei tilsette tok hand om tjuvane til politiet kom på staden.
Holme legg til at politiet ser alvorleg på saka:
– No blir dei avhøyrde, så skal ein jurist bestemme kva som skal skje vidare, seier Holme.
Betalte for noko - stal resten
– Det var ein airbag til ein Caravelle og eit ratt dei ville stele, fortel dagleg leiar på Sunnfjord Bil, Torbjørn Strømsli.
Han reknar verdien av tjuvgodset til 1750 kroner viss tjueåringane hadde valt å kjøpe bildelane på ærleg vis.
– Det var frekt. Dette var folk som var inne på dagtid og kjøpte noko, og så var det noko som dei hadde stua vekk og gøymt, fortel Strømsli.
Det var nokre av dei tilsette på Sunnfjord Bil som ante ugler i mosen då dei såg tjueåringane luske rundt på utsida av gjerdet til verksemda etter stengetid:
– Så dei tilsette sperra vegen fram til politiet kom, seier Strømsli, som sjølv ikkje var tilstades då tjuveriet skjedde.
Avslørt av flisbitar
Ein av tjueåringane hadde mykje flis på kleda sine. Det avslørte kvar tjuvgodset låg:
– Vi ein stad der det var flisbitar på nabotomta, og der låg bildelane som dei hadde stua vekk, seier Strømsli.
–Kor ofte skjer dette, trur du?
– Det skjer nok sikkert meir enn vi kjenner til, men vi har videoovervaking så vi ser jo det som skjer. Men desse var litt slue; betalte for noko, og tok noko anna, seier Strømsli, som er glad for at dei fekk tatt tjuvane.