Leita etter far og to born i fjellheimen

Artikkelen er over 3 år gammel

SISTE: Alle tre er funne i god behald.

DEL

Det vart i natt i sett i gang ein leiteaksjon etter ein far og to born som overnatta i telt mellom turhyttene Fondsbu og Olavsbu i Luster kommune. Borna skal vere kring ti år.

Litt før halv elleve i dag, kunne politet avblåse leiteaksjonen.

– Dei har nettopp funne dei og alle er i god behald, seier operasjonsleiar Per Rimme ved politiets operasjonssentral.

Akkurat kvar dei vart funne kan politet førebels ikkje svare på.

– Det er så dårlege tilhøve der inne at vi får ikkje snakka, vi får berre gjennom nokre teksmeldingar, seier Rimmen.

Men det han veit er at dei tre var i teltet sitt, og at dei no blir tatt med til Olavsbu.

Leita i heile natt

– Det er to snøscuterpatruljar frå Lom Raudekors som er i området og søker etter dei. Men vi har ikkje fått noko tilbakemelding frå dei om observasjonar enno, fortalde operasjonsleiar Inge Værøy søndag morgon.

Turfølget var på ein hytte til hyttetur, og ifølgje Værøy var det folk på den eine hytta som vart uroa for faren og borna som skulle overnatte i telt mellom hyttene Fondsbu og Olavsbu.

– Det kom ei uromelding klokka 01.18 med tanke på at det vart meir uvêr i går kveld og på natta, sa Værøy om bakgrunnen til leiteaksjonen, men la til at dei tre skal vere fjellvande, og godt utrusta med telt og utstyr.

Tungt å køyre

Heller ikkje i morgontimane hadde politiet fått melding om funn i området, og det vart arbeidd med å organisere eit utvida søk.

– Det er snøfokk og tungt å køyre i motvinden, seier Rimmen.

Nokre timar seinare er dei tre altså funne, i god behald i teltet sitt, og dei er no på veg til Olavsbu.

Artikkeltags