Siste: Vegtrafikksentralen melder at Magnhildskartunnelen no er opna for fri ferdsel, etter oppryddingsarbeidet som følgde i etterkant av bilbrannen fredag kveld. Søndag vert det kolonne i tunnelen frå klokka 08:00 til 14:00.
To bilar kom i brann inne i tunnelen på Fv 614. Ein tredje bil hadde forsøkt å rygge ut, og køyrde i fjellveggen. Til saman var fem personar involverte i ulukka, som første til kraftig røykutvikling, og der tjukk, svart røyk velta ut av tunnelopninga.
Like over klokka halv ti fredag kveld melde politiet at røykdykkarar var ferdige med finsøk inne i tunnelen.
Før tunnelen kunne opnast igjen, måtte den klarerast av brannvern og entreprenør. Dei tre køyretøya måtte også fjernast frå tunnelen.
Laurdag morgon melde Statens vegvesen at tunnelen framleis var stengd på grunn av dette arbeidet. Ifølge vegvesenet, kom Magnhildskartunnelen tidlegast til å bli opna laurdag ettermiddag.
Litt før kl 12 laurdag kjem det ny melding frå vegvesenet om at ein ventar oppstart av kolonnekøyring kl 16.
Full alarm
Slik var situasjonen, då tunnelbrannen stod på fredag kveld:
Alarmsentralen melder like over klokka 20 at brannvernet, saman med dei andre naudetatane var på veg til Magnhildskartunnelen på fv. 614 mellom Svelgen og Grov.
– Brannvernet rykker ut både frå Florø og Svelgen, melder alarmsentralen.
Statens vegvesen melder om lag samstundes på sine nettsider at tunnelen er stengd.
Går inn frå begge sider
– Vi har vore i kontakt med folk i ein bil som snudde og køyrde ut av tunnelen i retning mot Svelgen. Vedkomande såg ingen andre bilar, men vi kjenner ikkje til kor langt denne bilen var frå bilen som kom i brann, seier Frode Eide ved Alarmsentralen, til Firda, fredag kveld.
Redningsmannskap går inn i tunnelen frå begge sider.
– Det kan verke som brannen har roa seg litt, for det kjem mindre røyk ut av tunnelen, seier Eide då klokka nærma seg 21.
Ingen sakna
Røykdykkarar set i verk finsøk gjennom tunnelen. Så langt er ingen sakna, og politiet har heller ikkje informasjon om det skal vere fleire inne i tunnelen.
Fem personar som har vore inne i tunnelen er sende til Førde sentralsjukehus med ambulanse.