Då Karoline (34) las i avisa kor mykje plast vi brukar, greidde ho ikkje sitje og sjå på

Artikkelen er over 2 år gammel

Karoline Paulen (34) frå Innvik utfordrar alle til å bruke berre éin plastpose i veka, i seks veker framover.

DEL

Karoline står bak ideen som no haustar likes, delingar og deltakarar på sosiale medium. Ho oppretta ei Facebook-side der ho utfordrar deg til å bruke berre éin plastpose i veka.

– I byrjinga inviterte eg berre slekt, vener og kollegaer. Eg syntest det var fantastisk då vi nådde 160 deltakarar, men no er det jo heilt vilt med deling og folk som deltek, fortel Paulen.

No er det heile 10.000 som deltek på Facebook-sida. Ideen til utfordring kom då ho las ein artikkel om at nordmenn i snitt nyttar 180 plastposar per person årleg.

– I Sverige har dei eit mål om å få forbruket ned til 40 posar per person årleg. Då tenkte eg det var enklare å seie ein plastpose i veka og utfordre folk på dette.

Del av frivillig organisasjon

Karoline bur no i Oslo og er leiar i Internasjonal Dugnad-SCI Norway. Det er denne frivillige organisasjonen ho har starta utfordringa gjennom.

– Det er få som veit om oss. Vi driv i hovudsak med utveksling, der folk får reise rundt i heile verda og gjere frivillig arbeid. Eg synest at denne utfordringa var ein fin måte å kaste litt meir lys på organisasjonen vår på.

– Har slike kampanjar ein ekte og langsiktig verknad trur du?

– Det finst inga universell løysing, men eg håpar at dette er med på å auke bevisstheita til folk, ikkje berre i høve til plastposar, men forbruk generelt. Det er artig at folk blir så engasjert på Facebook, dei stiller spørsmål og svarar kvarandre. Dei tek ansvar, svarar Paulen.

Ho meiner at det kan verte lettare å endre vanane til folk om ein gjev dei ei utfordring som grip inn i kvardagen deira.

Måtte tenkje seg om fleire gonger

Elisa Sunde (34), opphavleg frå Skei, men no busett i Bergen, er ei av dei som deltek på utfordringa om å bruke berre éin plastpose i veka.

GODTOK UTFORDRINGA: Elisa Sunde (34)

GODTOK UTFORDRINGA: Elisa Sunde (34) Foto:

– Eg brukte noko tid på å tenkje på om eg skulle delta, og om dette er noko som let seg gjere i praksis. Det kan jo bli litt ekstra stress i kvardagen, men så las eg det som står på Facebook-sida om kor lang tid det tek for eit menneske å venne seg til noko nytt, og bestemte meg for å bli med.

Elisa brukar mykje handlenett av tekstil til vanleg og har vore oppteken av at ho ikkje skal bruke så mange plastposar. I tillegg meiner ho nøkkelen ligg litt i å planlegge handleturane sine.

– Eg lagar lister og prøvar å halde meg til å handle inn ein gong i veka. På denne måten vert det færre turar innom butikken. Når sjølve handleturen er så planlagd, hugsar ein også å ta med seg handlenettet sitt.

– Trengst det slike kampanjar på Facebook for å få med seg folk trur du?

– Det er absolutt ein god måte å spreie bodskapen på. Mange tenker nok at det ikkje er nok om «berre eg» gjer noko, men her kan ein verkeleg sjå kor mange som jobbar mot same målet, seier Sunde.

Artikkeltags