Gå til sidens hovedinnhold

Planlegg landbasert oppdrett til ein halv milliard i Vadheim

Artikkelen er over 2 år gammel

HØYANGER: Vadheim Akvapark AS planlegg eit tre stegs landbasert oppdrettsanlegg for produksjon av laks frå rogn til vaksen slaktefisk.

For abonnentar

– Det er kanskje å «banne i kyrkja», men eg meiner at framtidig auke innan fiskeoppdrett vil kome på land då ledige lokalitetar i sjøen begynner å bli mangelvare i Norge, seier Sturle Skeidsvoll som er styreleiar i Vadheim Akvapark AS.

Selskapet har søkt om å få etablere lukka og landbasert oppdrettsanlegg for laksefisk i Kråkevikja i Vadheim.

Anlegget; eit RAS-anlegg (Recirculating Aquaculture Systems); er konstruert slik at nær 100 prosent av vatnet vert reinska og brukt igjen.

Dersom alt går etter planen håper Skeidsvoll at byggjestart kan skje i løpet av 2020. Dei fleste godkjenningar på plass, og selskapet manglar no berre løyve frå Mattilsynet og frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ein halv milliard

– Slike anlegg er teknologisk krevjande, og investeringskostnadane er veldig høge. Førebelse kalkylar syner ein kostnad på 500 millionar for eit ferdig anlegg med klekkeri, setjefiskanlegg og matfiskanlegg. Men fordelane er så store at det forsvarar den høge investeringskostnaden. Når anlegget er nedbetalt er driftskostnadane låge samanlikna med oppdrettsanlegg i sjø, seier Skeidsvoll.

Ein av fordelane er at fiskane ikkje vert utsett for sjukdom grunna bakteriar, virus og lakselus sidan anlegget ikkje nyttar sjøvatn, men salta ferskvatn.

Les også

Har utvikla «mirakelmiddel» mot lakselus

 

Skeidsvoll reknar mellom anna med at det kan sparast om lag 30 millionar kroner i året berre på at det ikkje kjem lus på fiskane.

I tillegg kan ein ifølgje Skeidsvoll halde jamn temperatur året rundt på vatnet, noko som òg vil vere med på å auke lønsemda.

– I Vadheim har vi rikeleg tilgang på ferskvatn. Industriområdet der vi ønskjer å etablere oss har djupvasskai og ligg berre nokre hundre meter unna E39.

Innovasjon i fremste rekkje

Med lågt energiforbruk, lite forbruk av vatn, og nær null utslepp til omgjevnadane, vil Vadheim akvapark vere eit særs nyskapande anlegg.

– Landbaserte oppdrettsanlegg finst fleire stadar både nasjonalt og internasjonalt. Men anlegget vi ønskjer å bygge i Vadheim vert det første av sitt slag i Norge der vi på land tek hand om heile prosessen frå rogn til slakteferdig fisk. Dette er innovasjon i fremste klasse. No må vi bevise at dette er noko vi kan tene pengar på.

Når alle godkjenningar er i boks, skal prosjektet finansierast. Det trur Skeisvoll skal gå greitt.

– Vadheim akvafarm er førebels finansiert for søknadsarbeidet, mellom anna med hjelp frå Høyanger kommune. Aksjekapitalen må utvidast, og investorar har allereie meldt si interesse for å vere med på dette.

Når anlegget kjem i full drift reknar Skeidsvoll med at det vil trenge 10–15 tilsette.

Kommentarer til denne saken