Pipebrann i Sogn i natt

DEL

Politiet fekk melding om pipebrann i Solvivegen på Hafslo i Sogn. Det stod flammar ut av pipa, og det kom noko røyk inn i bustad, melder politiet.

Det var to personar i bustaden. Ingen vart skadde og det var ikkje behov for ambulanse.

Dei som bur der, måtte overnatte hjå kjende. Brannen vart følgt opp med kontroll.

Brannvesen og politi avslutta på staden klokka 00.10, og det er ikkje oppretta sak på forholdet.

Artikkeltags