Klokka 17.17 måndag kveld fekk 110-sentralen melding om røykutvikling og ein mogleg skorsteinsbrann i Luster.
Brannmannskap frå Gaupne rykte ut, og er framleis i innsats på staden, melder 110 Vest.
Vaktkommandør ved 110 Vest, Stian Kvam, fortel at det er stadfesta at det har vore ein pipebrann, men at brannmannskapet har kontroll på staden.
– Brannen er sløkt. Mannskapet er der no for å kontrollere, seier Kvam.
Han fortel at meldingane gjekk på at røykutviklinga kom frå skorsteinen. Det var mørk røyk, som han omtalar som ganske intens.
Brannmannskapet rykte då ut, og kjelda til den mørke røyken vart raskt slått fast å knytt til ein pipebrann.
Vaktkommandøren fortel vidare at trass i den mørke røyken frå pipa, så er det lite sekundærskader. med andre ord er det lite røykskader i sjølve bustaden.