Klokka 17.37 melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt om at brannmannskap er på staden ved eit hus på Kyrkjebø. Mannskapet reiste dit etter melding om brann i ei pipe.

Ifølgje operasjonssentralen skal dei som var i huset ha komme seg ut, og det er ikkje meldt om nokon skadde personar.

Meldinga kom til operasjonssentralen klokka 17.08. Klokka 17.43 blir det meldt at brannmannskapet har kontroll på staden, etter å ha kjølt ned pipa.

Det er også bestemt at grunna at brannvesenet har kontroll på situasjonen, så køyrer ikkje politiet til staden.

Meir om brannen: