Klokka 04:50 melder 110-sentralen Vest om ein pipebrann i eit eldre hus i Hoddevikvegen på Stadlandet.

To personar skal ha vore i huset, men dei er ute og skal ikkje vere skadde, seier operasjonsleiar Forde Koltveit ved Vest politidistrikt.

Det skal ha kome ein del røyk i bustaden, men det er ikkje meldt om brann i sjølve huset, opplyser Koltveit.

– Det er meldt om varmgang i veggen ved skorsteinen, og brannmannskapet på staden jobbar no med å finne ut om det har gått seg varmt i sjølve kledninga i huset, seier han.

Det står eit tomt driftsbygg med kort avstand til huset, men det er opplyst at det ikkje skal vere noko fare for spreiing.

Brannvesenet er framme på staden, og politi og ambulanse er på veg.

Klokka 06:10 melder politiet på Twitter at alle naudetatar er framme på staden. Brannen i veggen ved pipa er ikkje sløkt.

Tidlegare meldte politiet at brannen ved pipa var sløkt. Dette er no korrigert.

Klokka 06:50 melder 110-sentralen Vest at brannen er sløkt.