Klokka 19.29 torsdag fekk brannvesenet melding om flammar frå ein skorstein. Det gjaldt ei leilegheit i ei bustadblokk i Hornnesvegen i Førde.

– Brannvesen er framme og går inn med røykdykkarar, opplyste Jostein Steinsland Hauge ved 110-sentralen klokka 19.47.

Han sa då at det skulle vere snakk om sotnedslag i ei leilegheit, men hadde førebels ikkje fleire detaljar om hendinga.

Like etter klokka 20.00 opplyste Hauge at brannvesenet var ferdige på staden.

Røykdykkarar hadde då vore inne i leilgheiten og konkludert med at det ikkje var fare for vidare brann.

– Det var litt sot i ein etasje og det blei lagt ned fyringsforbod i pipa det har brunne i.

Hauge seier at det var lite dramatikk på staden, og at feiar skal undersøke pipa i morgon. Det er ikkje meldt om at nokon skal ha fått røyk i seg.

Har du bilde eller informasjon frå staden? Del det gjerne med oss her.