– Eg skulle gjerne sett at dei tok bekymringane våre litt meir på alvor. Luftfarten er avhengig av at folk føler seg trygge på reisa heile vegen. Det hjelper kanskje lite å ha på munnbind om bord på flyet når ingen hadde det på rett før dei gjekk om bord, seier leiar Oddbjørn Ketil Holsether i Pilotforbundet i Parat til NTB.
Pilotforbundet har fleire gonger teke opp bekymringar om manglande smittevern på norske flyplassar med styresmaktene, seinast i eit møte med Avinor.
Mellom anna ønskjer dei munnbind-påbod i tilkomst- og avgangshallane, og auka reinhald.
– Sjølv om FHI no tilrår at folk som kjem frå raude land har på seg munnbindet, sirkulerer dei jo gjennom taxfreebutikkar, passkontrollar og tek på bagasjetraller. For å hindre overflatesmitte burde ein auke reinhaldet, seier han.
Koronasmitta på to fly til og frå Bergen
Stussar over reglane
Ei fersk oversikt frå Folkehelseinstituttet (FHI) viser at det er påvist smitte på 32 flygingar berre dei siste 14 dagane.
Spesielt bekymra er Holsether over tryggingskontrollen.
– Der er det veldig trongt, og mange folk går gjennom på ein dag. Eit krav om munnbind, og eventuelt visir for dei som jobbar der, betrar òg tryggleiken for dei tilsette, seier han.
Han etterlyser òg betre reingjering av boksane som ein legg ting i når ein skal gjennom kontrollen.
– Reglane i Noreg er mindre strenge enn tilrådinga frå europeiske luftfartsstyresmakter. Mange stussar når dei kjem frå eit strengt smittevernregime, til dømes i København.

Furnes: – Er du forkjølt bør du halde deg heime
Klagar til FHI
I byrjinga av månaden skreiv Flysmart24 at fleire reisande har klaga til Avinor på det dei meiner er manglande smittevern. Dei siste vekene har det òg tikka inn ei rekkje varsel til FHI frå privatpersonar om det same, viser postjournalane.
Ein av dei skriv at han/ho jobbar på Gardermoen og reagerer på at reisande frå raude land tek av seg munnbinda så fort dei kjem ut av flyet.
Vidare skriv vedkommande dette:
«Kvifor «må» reisande som kjem heim frå raude land innom taxfreebutikkane og handle snus, sjokolade og prøve masse parfymar. Dei bør jo faktisk rett heim og i karantene. Dette kan umogleg vere eit naudsynt ærend? Har sett heile familiar på 6–7 stk. frå raude land virre rundt i butikken i 30–40 minutt.».
– Slike førespurnader frå privatpersonar blir tekne til etterretning, og vi tek med innspela i det løpande arbeidet vårt med oppdatering av råd, skriv kommunikasjonsrådgivar Erik Bull-Valen i FHI ein e-post til NTB.
Guldvog: – Skjønar bekymringa
Helsedirektør Bjørn Guldvog seier at han skjønar bekymringane og påpeikar at det allereie finst ei munnbind-tilråding for folk som kjem frå raude land.
– Flyplasstyresmaktene og operatørane har òg ei viktig oppgåve med å leggje til rette slik at folk ikkje står trongt. Og det er vi heilt samde i, seier Guldvog.
Han seier at dei har løpande dialog om dette.

– Bremangaren blei smitta på utestad i Bergen
– Helsestyresmaktene bestemmer
Pressevakt Nora Hoberg Prestaasen i Avinor skriv dette i ein e-post til NTB:
– Det er norske helsestyresmakter som tilrår smitteverntiltak, og innføringa av munnbind som eit koronatiltak på norske flyplassar er ikkje eitt av dei tilrådde tiltaka frå Helsedirektoratet eller FHI.
Vidare skriv ho at reinhaldet er tilpassa det til kvar tid gjeldande behov, og at fokuset er stort på berøringspunkt i terminalane som hyppig blir brukte av passasjerane.
Når det gjeld tryggingskontrollen, påpeikar ho at dei same smitteverntiltaka gjeld der som på resten av flyplassane.
