Peter (22) har signert for Sogndal

NY KLUBB: Peter Godly Michael er den nyaste spelaren på Fosshaugane Campus.

NY KLUBB: Peter Godly Michael er den nyaste spelaren på Fosshaugane Campus. Foto:

Klubben har sikra seg ein ny spiss.

DEL

Vålerenga og Sogndal er einige om ein overgang for spissen Peter Godly Michael. Avtalen strekker seg ut sesongen 2022, skriv klubben på heimesida si.

22-åringen har allereie slutta seg til troppen.

– Peter er ein spelar vi har følgt med lenge. Han vil passe godt inn hos oss, seier trenar Eirik Bakke.

Grunna skade på Endre Kupen og Jarome Akor Adams, samt at Markus Brændsrød framleis slit med lyskeskade, gjer at klubben no valde å sikre seg ein ny spiss.

Michael er frå Nigeria og signerte for Vålerenga i 2018. Ein korsbandskade sette han ut av spel i ein lengre periode, og etter dette har han vore utleigd til Skeid og Øygarden. For sistnemnde klubb har han skåra seks mål på 16 kampar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken