– Studielånet strekk ikkje til

Henrik Brown Halleraker måtte ty til kredittkort i sommarmånadane utan studielån.

Henrik Brown Halleraker måtte ty til kredittkort i sommarmånadane utan studielån. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

ØKONOMI: Unge slit med inkasso meir enn før. Talet i Sogn og Fjordane har tradisjonelt vore lågt.

DEL

– Det går ikkje an å leve på studielånet åleine, seier Henrik Brown Halleraker frå Trondheim, som går andre året på automasjonslinja på høgskulen i Førde. Han seier at han bruker 80 til 90 prosent av lånet på faste utgifter.

– Til å byrje med levde eg berre på studielån og oppsparte pengar, men det gjekk ikkje i lengda. Eg fekk litt økonomisk hjelp heimanfrå, noko eg trur er veldig vanleg blant studentar.

Les også: Tastefeil lurte 164 studentar

Naudsynt med deltidsjobb

Sidan februar har Halleraker hatt deltidsjobb som nestleiar i studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Det er vanskeleg å gi full innsats på studiet når ein må jobbe på sida. Det går utover tida eg elles ville brukt til å studere, seier han.

Likevel legg han vekt på at Førde er ein relativt billig by å vere student i.

– Bustadmarknaden er ikkje like oppblåst her som i andre byar. Skulle eg leie ei tilsvarande leilegheit i Trondheim som den eg har her, måtte eg nok betalt over det dobbelte.

Thea Johansen gir eit kontant nei på spørsmål om ho klarar seg med studielånet åleine. Ho og June Terjedotter Sunde går på sjukepleielinja på høgskulen, og begge har deltidsjobb for å finansiere studiet. Dei seier at den tronge økonomien hindrar ein i å finne på ting som kostar pengar på fritida.

June Terjedotter Sunde (f.v.) og Thea Johansen trur ein del studentar bruker meir pengar enn dei har.

June Terjedotter Sunde (f.v.) og Thea Johansen trur ein del studentar bruker meir pengar enn dei har. Foto:

– Ein må takke nei til mykje fordi pengane ikkje strekk til. Ein er nøydd til å leve slik at ein har pengar til mat resten av månaden, seier Sunde.

– Det er nok mange som bruker meir pengar enn dei har. Eg kjenner fleire som ikkje alltid klarar å stå imot freistinga, seier Johansen.

Manglande kunnskap

Banksjef i DNB Bergen Nord og Sogn og Fjordane, Sissel Bringeland, viser til tal frå inkassoselskapet Lindorff som syner at dei har hatt ein auke i talet på inkassosaker frå forbrukslån og kredittkort det siste året. Sjølv om Sogn og Fjordane framleis ligg langt nede på statistikken, er Bringeland uroleg for pengevanane til dei unge i fylket.

Inkassoauke i Norge første halvår 2016

  • Tal frå Lindorff viser ein auke på 30 prosent i inkassosaker tilknytta kredittkort og forbrukslån på landsbasis i første halvår samanlikna med i fjor.
  • Blant unge mellom 18 og 25 år har auken vore på 9,8 prosent (totalt 2215 saker i år).
  • Talet på unge med betalingsproblem har auka med 8 prosent.

Tal frå Lindorff, 09.09.2016

– Vi ser at ein del unge har manglande forståing for privatøkonomi og lån. Dei har kanskje ikkje den kunnskapen dei treng om korleis kreditt og renter fungerer, kva som skal til for å betale tilbake, og konsekvensane av å få betalingsmerknad. Dessutan er det veldig enkelt for unge å få kreditt.

Er terskelen for å bruke pengar ein ikkje har, for låg?

– Ja, det viser seg i auken i bruk av kredittkort og forbrukslån. I dagens økonomi er det mange som har mykje ting, og andre ønsker å henge seg på. Dessutan er ein kanskje van med at pengane sit laust hos foreldra, seier Bringeland.

DNB reklamerer sjølv for kredittkort med kule fordelar som er perfekte for studentar?

– Vi legg vekt på å informere om kva det betyr å ha eit kredittkort, og gir ikkje store kredittar. Kredittkort er ikkje farleg, og kjem med nyttige fordelar, særleg når det kjem til reise og netthandel. Men det er viktig å ha riktig kunnskap, og ein god plan om å betale tilbake, seier banksjefen.

Tyr til kredittkort

Halleraker fortel at han sjølv har måtta ty til kredittkort for å halde hovudet over vatnet i dei to sommarmånadene utan studielån. Sjølv har han ikkje opplevd inkassovarsel, men han kan forstå at unge rotar seg bort i kredittgjeld og inkasso.

– Mange vil kanskje nekte å innsjå at dei bruker for mykje pengar, og trur at dei klarar å kontrollere det, men så før eller seinare går det over styr. Når ein flyttar heimanfrå rett etter vidaregåande, er ein kanskje ikkje så van med forvalting av pengar, seier han.

Artikkeltags