9852 risikerer å betale for mykje i skatt

Førehandsutfylt sjølvmelding betyr ikkje ferdigutfylt, minner avdelingsdirektør i Skatteetaten Trude Husevåg om.

Førehandsutfylt sjølvmelding betyr ikkje ferdigutfylt, minner avdelingsdirektør i Skatteetaten Trude Husevåg om. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Har du ikkje sjekka sjølvmeldinga di, bør du gjere dette no.

DEL

Berre dagar før fristen går ut, er det framleis mange i Sogn og Fjordane som ikkje har opna og lese si eiga sjølvmelding.

– Når fristen går ut laurdag 30. april er det for seint å sjekke om du har fått med alt du har rett på, opplyser Skatteetaten i ei pressemelding.

– Vi oppfordrar alle til å sette av tid til å lese og sjekke sjølvmelding si slik at du betaler rett skatt og ikkje går glipp av frådrag du burde hatt. Det er viktig at opplysningane i sjølvmeldinga stemmer og er korrekte, understrekar Trude Husevåg, avdelingsdirektør i Skatteetaten.

Sjølvmeldinga du mottek, er førehandsutfylt av Skatteetaten ut frå opplysningane etaten har om økonomien din.

– Sjølvmeldinga du har fått frå oss gir berre ei foreløpig oversikt om du får igjen på skatten eller får restskatt. Førehandsutfylt betyr ikkje ferdigutfylt. Det er difor viktig at du både opnar og les sjølvmeldinga før fristen, oppmodar Skattetaten.

Artikkeltags