14.000 i Sogn og Fjordane har ikkje lese sjølvmeldinga si

Artikkelen er over 4 år gammel

Det skriv Skatt Vest i ei pressemelding. Det er to dagar til fristen for å lese sjølvmeldinga går ut.

DEL

Dersom ein ikkje gjer det innan fristen risikerer ein å betale for mykje skatt.

Kan gå glipp av frådrag

Dei fleste lønnstakarar og pensjonistar har berre fått sjølvmeldinga elektronisk. Det er nytt av året.

Skatteetaten har førehandsutfylt sjølvmeldinga for deg, men det er likevel viktig å sjekke at opplysingane er korrekte.

– Vi oppfordrar alle til å bruke tid på å lese og sjekke sjølvmelding si slik at ein ikkje betalar for mykje skatt eller går glipp av frådrag, oppfordrar Trude Husevåg, avdelingsdirektør i Skatteetaten.

Eige asvar for at det stemmer

Av dei som betaler skatt i Førde er det nesten 1500 personar som ikkje har lese sjølvmeldinga si.

– Det blir enklare å levere sjølvmeldinga for kvart år, men det er uansett viktig å sjekke at dei førehandsutfylte opplysningane i sjølvmeldinga stemmer og er fullstendige, understrekar Husevåg.

Dersom ein ikkje har endringar eller nye opplysningar du må legge til, treng du ikkje å levere sjølvmeldinga. Viss du må levere, lever elektronisk.

I Sogn og Fjordane har 78,71 prosent (54 068 av 68 695) av alle e-brukarar lese sjølvmeldinga ifølge skatteetaten.

Firda hadde onsdag 22. april nettmøte med Ole Petter Songve og Grete R. Hopland i Skatt Vest.

Dei svarte på spørsmål frå lesarane om sjølvmeldinga som skal leverast innan 30. april.

Artikkeltags