Personbil velta – føraren framstår som rusa

DEL

Politiet melder at ein bil har velta ved Heggjabygda i Nordfjord. Politiet melde at alle naudetatar rykte ut til staden, men eit vitne på staden fortel til Firda at det berre var politiet som rykte ut.

Då politiet kom fram og kom i kontakt med føraren framstod han som rusa.

Politiet legg til at det ikkje er meldt om personskade i samband med hendinga.

Artikkeltags