Gå til sidens hovedinnhold

Personbil har køyrt utfor vegen i Sogndalsdalen

Ambulanse er framme på staden, og føraren er køyrt til sjukehus i Førde.

Måndag morgon melder Operasjonssentralen i Vest politidistrikt om ei trafikkulykke på rv. 5 Fjærlandsvegen i Sogndalsdalen.

Ulykka skal ha skjedd i krysset inn mot Småteigane.

Naudetatane er sendt til staden.

Føraren av bilen , som skal ha vore den einaste involverte, er sett til av ambulanse og køyrt til Førde sentralsjukehus. Skadeomfanget er ikkje kjent for politiet.

Politet er på staden., og det er ingen trafikale problem knytt til ulykka.