Gå til sidens hovedinnhold

Person skadd etter trafikkuhell i Olden

Det nøyaktige skadeomfanget er enno ikkje kjent. Vegen forbi skadestaden er no sperra.

Tysdag kveld melder vegtrafikksentralen Vest om ei trafikkulykke på fv. 5724 i Olden. Ulykka skal ha skjedd mellom Olden nye kyrkje og den gamle kyrkja. Vegen er stengt ved ulykkesstaden.

Operasjonsleiar Frode Kolltveit fortel til Firda at dei først blei varsla om vinglete køyring.

– Kort tid seinare fekk vi melding om at bilen hadde køyrt i ein mur ved Brynestad, seier han.

Politiet mistenker at føraren, ein mann i 30-åra, har vore rusa på alkohol då han krasja bilen. Ingen andre er involvert i ulykka.

Kolltveit kan ikkje seie noko om skadeomfanget til mannen, men fortel at han blir frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

Brannvesenet er på staden, og trafikken blir dirigert forbi ulykkesstaden.