Ein person skal vere påkøyrd i området Sanderplassen i Førde.

Det melder Vegtrafikksentralen Vest måndag klokka 15.19.

Politiet skal vere på plass, og det vert på tidspunktet det vert tvitra skrive at dei ventar på ambulanse til staden. Men etter det Firda kjenner til skal ambulanse også no vere på plass.

Det vart først meld om lange køar og at trafikken stod i begge retningar på E39, men Klokka 15.38 melder Vegtrafikksentralen Vest at trafikken no går som normalt i begge retningar.

Meir frå ulykka: