Gå til sidens hovedinnhold

Person på fjellet måtte hentast av redningshelikopter

Like over klokka 15.30 søndag melde Hovudredningssentralen i Sør-Norge (HRS) at dei har sendt eit helikopter i retning vest av Vikafjellet, for å hente ein person i terrenget som har brystsmerter.

Frivillige er også varsla i tilfelle helikopteret blir stoppa av vêret, opplyser HRS.

Vegen over fjellet er stengd og vil ikkje bli opna søndag.

Klokka 17.08 opplyser vakthavande hos HRS at pasienten er henta og frakta til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

TIPS OSSMMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33